Mjølkerampen

Små og store smakfulle opplevingar

Pris frå kr. 120,-
Nyt ferske bollar og brød, velsmakande små og store rettar, lokale råvarar so langt det er muleg, tidleg eller sein ettermiddag. Ope heile året: 1.sept.-19.juni tysdag - laurdag kl. 09-16. 20.juni-31.august: tysdag - fredag kl. 10-16, laurdag 10-15. Stikk innom Mjølkerampen på Sande - lokale med lun stemning og god atmosfære. Kontakt tlf. 95 24 21 50.
Eldalstunet

Smaksoppleving på Gaularfjellet

Pris frå kr. 170,-
Søndagar - heimelaga rettar basert på lokale råvarar. Ope søndagar i juni-september kl. 13:00-17:00. Levande gardsbruk med engasjert vertskap. Små og store rettar, kaker og dessert. Kontakt tlf. 91 19 55 78. Eldalstunet ligg i Viksdalen.
Ciderhuset

Ciderhuset sommarrestaurant

Ope 20.06.-19.08, sundag-fredag kl. 13-21
A la carte servering. Vi har rettar av lokale råvarar som laks, Aberdeen Angus og hjort. Tilberedt med internasjonal inspirasjon - eit slags fusion-kjøkken, med smårettar inspirert av Middelhavet. Det kan passe godt å få med seg ciderprogrammet i kjellaren før eller etter måltidet. Ciderhuset ligg i Balestrand. Kontakt oss på tlf. 90 83 56 73.
Flatheim

Sommarkafè nær Gaularfjellet

Ope dagleg 25.06.-12.08 kl. 12-17
Kafè i det freda storehuset på Flatheim. Det blir gode "blingsar", kaker og heimelaga bakst å få kjøpt. Nyt ein liten matpause i den særprega atmosfæren - og ein god kopp kaffi! Lyst til å bli lengre? Spør oss om tilbod på overnatting. Kontakt tlf. 99246066. Flatheim, Hoffslåttene i Eldalsdalen.
Sande Kro og Hotell

Heimelaga rettar

Restauranten opnar kl. 12
Kroa serverar kalde og varme rettar, lunsj og middag, dessert og kaker. Vi er kjend for vårt gode kjøkken og nyttar sesongens råvarar. Vi har ope året rundt og kjøkkenet stengar kl. 21. Kroa ligg på Sande i Gaular. Bestilling/info tlf. 57 71 80 50.
Dragsvik Fjordhotell

Smakfulle rettar med utsikt

Lunsj, dagens eller a la carte
Med panoramautsyn til fjord, fjell og brè kan du nyte eit godt måltid i den vesle restauranten vår. Små- og lunsjrettar i hagen eller i den nye hagestova. Dagens meny eller a la carte i restauranten alle dagar 15.05.-15.09. kl. 19-21. Små- og lunsjrettar frå 01.06.-31.08. kl. 12-15. Bestilling tlf. 57694400, www.dragsvik.no. Dragsvik Fjordhotell ligg nær Balestrand.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Kafè Sobra - midt i Førde by

Nydelege supper, lette lunsjrettar
Serverer lette lunsjrettar, nydelege supper, heimebakte kaker, vin, øl, brus og god kaffi. I den varme årstida er det kjekt å ta med mat frå Kafé Sobra opp på takterrassen. Ope: Tysdag-søndag kl. 11-16, stengt måndag. Info tlf. 48 24 90 71. Kafè Sobra er lokalisert i lag med Kunstmuseet i Førde.
Furnes Angus

Aberdeen Angus på Furnes Gard

Salg av stykningsdelar/foredla produkt
I Bygstad driv vi lokalmatproduksjon basert på kjøtfe av rasen Aberdeen Angus, kjende for sitt smaksrike og marmorerte kjøt. Dyra er gode beiteutnyttarar, som held dei gamle kulturbeita i hevd. Basert på lokale forressurser er resultatet eit smakfullt, mørt og sunt kjøt, som selgast direkte til forbrukar frå oss. Kontakt tlf. 90 51 29 33.
Eldalstunet

Varme og kalde retter med lokal vri

Pris frå kr. 120,-
Laurdagar - små og store rettar basert på lokale råvarer, kaker og dessert. Open laurdagar i juli-august kl. 13:00-17:00. Levande gardsbruk med engasjert vertskap og hyggeleg atmosfere. Kontakt tlf. 91 19 55 78. Eldalstunet ligg i Viksdalen.