Eldalstunet

Smaksoppleving på Gaularfjellet

Pris frå kr. 170,-
Søndagar - heimelaga rettar basert på lokale råvarar. Ope søndagar i juni-september kl. 13:00-17:00. Levande gardsbruk med engasjert vertskap. Små og store rettar, kaker og dessert. Kontakt tlf. 91 19 55 78. Eldalstunet ligg i Viksdalen.
Reiselivsmuseet

Guida tur på Reiselivsmuseet

Pris frå kr. 80,-
Reiselivsmuseet formidlar reiselivshistoria her i landet frå starten av 1800-talet fram til i dag. I juli og august tilbyr museet daglege omvisingar inkludert i museumsbilletten. Ope: 02.05-30.06: tys-sun kl. 10-16. 01.07.-30.09.: alle dagar kl. 10-18. 01-15.10.: mån-fre kl. 10-16 Kontakt tlf. 47 45 30 53. Reiselivsmuseet ligg i Balestrand.
Reiselivsmuseet

Guida tur langs kaien nær Reiselivsmuseet

Pris frå kr. 80,-
Kai vandring – "starten på reiselivet», 30 minuttar. Vandringa tek oss rundt kai-området og dveler ved påvirkningen fast turist-trafikk fekk på livet til menneska i landet. Turen endar opp i museet. Periode: Frå 01.07.-20.08. Kontakt tlf. 47 45 30 53. Reiselivsmuseet ligg i Balestrand.
Gokajakk

Padling på Jølstravatnet m/guide

Barn kr. 550,- / Vaksen kr. 750,-
Halvdags guida padletur på vakre Jølstravatnet. Periode: 01.07.-18.08., dagleg, kl. 10. 4 timars tur inkl. lunsj. Aldersgrense 5 år. Påmelding dagen før innan kl.17:00. Du treng ingen forkunnskapar. Vi har instruksjon i starten. Stødige, doble kajakker eigner seg for små og store. Vi stiller med naudsynt utstyr, du tek med klesskift og regntøy. Våre guidar er sikkerheitsutdanna. Oppmøte: Vassenden v/Jølstravatnet.
Ciderhuset

Ciderhuset sommarrestaurant

Ope 20.06.-19.08, sundag-fredag kl. 13-21
A la carte servering. Vi har rettar av lokale råvarar som laks, Aberdeen Angus og hjort. Tilberedt med internasjonal inspirasjon - eit slags fusion-kjøkken, med smårettar inspirert av Middelhavet. Det kan passe godt å få med seg ciderprogrammet i kjellaren før eller etter måltidet. Ciderhuset ligg i Balestrand. Kontakt oss på tlf. 90 83 56 73.
Flatheim

Sommarkafè nær Gaularfjellet

Ope dagleg 25.06.-12.08 kl. 12-17
Kafè i det freda storehuset på Flatheim. Det blir gode "blingsar", kaker og heimelaga bakst å få kjøpt. Nyt ein liten matpause i den særprega atmosfæren - og ein god kopp kaffi! Lyst til å bli lengre? Spør oss om tilbod på overnatting. Kontakt tlf. 99246066. Flatheim, Hoffslåttene i Eldalsdalen.
Gokajakk

Leig kajakk av Go'kajakk

Tett på urørd natur i vakre Sunnfjord
Gli rundt på idylliske innsjøer - i tandemkajakk eller jr. kajakk. Dei er stødige og lette, risikoen for å velte er minimal. Barn: 5-16 år. Ta med klesskift og regntøy. Pris pr time: Jr. kajakk kr. 50,-. Tandemkajakk kr. 100,-. Instruksjonsmateriell (N, GB, D), padleårer og flytevest er inkl. i prisen. Periode: 01.05.-02.09. Utleigestadar: v/Jølstravatnet (Vassenden) kontakt Jølvassbu Camping tlf. 92062203 og Viksdalsvatnet (Gaular) kontakt Mjølkerampen tlf. 95242150.
Sande Kro og Hotell

Heimelaga rettar

Restauranten opnar kl. 12
Kroa serverar kalde og varme rettar, lunsj og middag, dessert og kaker. Vi er kjend for vårt gode kjøkken og nyttar sesongens råvarar. Vi har ope året rundt og kjøkkenet stengar kl. 21. Kroa ligg på Sande i Gaular. Bestilling/info tlf. 57 71 80 50.
Dragsvik Fjordhotell

Hytter i hagen, Dragsvik Fjordhotell

Pris frå kr. 890,- per hytte
Koselege hytter i frukthage og ved fjorden på gardsbruket som er blitt hotell. Enkle hytter, komforthytte og fjordkanthytte med plass til 2 - 4 personar. Kjøkkenkrok med enkelt kjøkkenutstyr, spisebord og sittegruppe. Fint å roe ned og nyte fjordlandskapet. Meir info på www.dragsvik.no.
Dragsvik Fjordhotell

Smakfulle rettar med utsikt

Lunsj, dagens eller a la carte
Med panoramautsyn til fjord, fjell og brè kan du nyte eit godt måltid i den vesle restauranten vår. Små- og lunsjrettar i hagen eller i den nye hagestova. Dagens meny eller a la carte i restauranten alle dagar 15.05.-15.09. kl. 19-21. Små- og lunsjrettar frå 01.06.-31.08. kl. 12-15. Bestilling tlf. 57694400, www.dragsvik.no. Dragsvik Fjordhotell ligg nær Balestrand.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Kafè Sobra - midt i Førde by

Nydelege supper, lette lunsjrettar
Serverer lette lunsjrettar, nydelege supper, heimebakte kaker, vin, øl, brus og god kaffi. I den varme årstida er det kjekt å ta med mat frå Kafé Sobra opp på takterrassen. Ope: Tysdag-søndag kl. 11-16, stengt måndag. Info tlf. 48 24 90 71. Kafè Sobra er lokalisert i lag med Kunstmuseet i Førde.
Førde Gjestehus og Camping

Rom m/kjøken eller leilegheit på Førde camping

Rom/leilegheit frå kr. 795,-
Vi kan tilby våre gjestar å overnatte i hotellrom eller ferieleiligheter. Alle einingane er moderne innreia og har høg standard. Vi har 6 tre-roms leiligheter med kjøken. Stua er møblert med ein skinnsofa som kan slås opp til ei dobbeltseng. Vi har fire rom m/kjøkken, flislagt dusj/wc, tv og breiband. Alle fire romma har balkong. Pris inkl. utvask og sengetøy. Kontakt tlf. 46806000. Vi ligg i Førde.
Førde Gjestehus og Camping

Gjesterom på Førde Camping

Rom frå kr. 565,-
Vi har utleige av hotellrom. Det er eit godt alternativ dersom du ønskjer eit enkelt, billigt og godt alternativ i Førde. Romma har det naudsynte som seng, kommode, bad/wc og klesskap. Ønskjer du frukost blir det eit tillegg kr. 105,- pr pers. Vi ligg i Førde. Kontakt tlf. 46806000.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Ope tysdag-søndag kl. 11-16
Du finn oss i Førde i eit bygg som har fått ein internasjonal pris for sin særprega arkitektur. Museet syner basisutstillingar frå samlingane, og skiftande utstillingar med samtidskunst. Samlinga er på over tusen verk, og syner regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900-talet fram til i dag, med hovudvekt på tida etter 1970. På varme dagar kan ein nyte finveret på takterassen i 4.etg. med ein lunsjrett frå Kafè Sobra. Ta gjerne turen innom kunstbutikken, som byr på eit variert utval. Kontakt tlf. 97421565.
Sunnfjord Museum

Guiding og formidling

Pris frå kr. 40,- pr pers
Sunnfjord Museum tilbyr guiding og formidling, skiftande utstillingar og arrangement, urtehage og museumsbutikk, og leiger ut hus og lokale til møteverksemd og fest. Museet ligg ved Movatnet og er ope heile året, med størst aktivitet i friluftsmuseet i sommarsesongen Hovudsesong: 01.07.-15.08. Mån-fre kl. 10-18. Laur-søn kl. 12-17. Kontakt tlf. 57 72 12 20. Museet ligg 6 km frå Førde langs E39.
Førde Gjestehus og Camping

Komfortable og godt utstyrte hytter på Førde Camping

Hytte frå kr. 980,-
Vi har eit breitt utval av hytter i ulike prisklassar og storleikar. Vi har alt frå ein enkel standard til topp moderne vel utstyrte hytter. Alle hyttene er vinterisolerte og dei er leigt ut både på sommar- og vinterstid. Fleire av hyttene har eigen hems i tillegg til soveromma. Ope heile året. Bestilling tlf. 46806000. Du finn oss i Førde.
Furnes Angus

Aberdeen Angus på Furnes Gard

Salg av stykningsdelar/foredla produkt
I Bygstad driv vi lokalmatproduksjon basert på kjøtfe av rasen Aberdeen Angus, kjende for sitt smaksrike og marmorerte kjøt. Dyra er gode beiteutnyttarar, som held dei gamle kulturbeita i hevd. Basert på lokale forressurser er resultatet eit smakfullt, mørt og sunt kjøt, som selgast direkte til forbrukar frå oss. Kontakt tlf. 90 51 29 33.
Ciderhuset

Kulturvandring og cidersmaking

Frå kr. 395,-
Guida kulturvandring i kunstbygda Balestrand. Vandringa startar i sentrum og endar i Ciderhuset - eit familiedrive cideri i ein økologisk frukthage. Du får lære om fruktdyrking, om prosessen med å lage cider og eplebrennevin og få smaksprøvar av cideren. Periode: 21.6.-31.8.2018. Ciderhuset ligg i Balestrand. Tlf. 90 83 56 73.
Eldalstunet

Varme og kalde retter med lokal vri

Pris frå kr. 120,-
Laurdagar - små og store rettar basert på lokale råvarer, kaker og dessert. Open laurdagar i juli-august kl. 13:00-17:00. Levande gardsbruk med engasjert vertskap og hyggeleg atmosfere. Kontakt tlf. 91 19 55 78. Eldalstunet ligg i Viksdalen.
Dragsvik Fjordhotell

Dragsvik Fjordhotell

Komfort dobbeltrom kr. 1 750,-
Romslege komfortrom med gode senger og sittehjørne for to personar. Fint å roe ned, og nyte utsikt mot Sognefjorden og fjella omkring. Komfortrom i hotellet, i villa Bergtun og i frukthagen. Prisen inkluderar frukost for 2 pers. Gratis WiFi. Info om hotellet på www.dragsvik.no.
Mjølkerampen

Små og store smakfulle opplevingar

Pris frå kr. 120,-
Nyt ferske bollar og brød, velsmakande små og store rettar, lokale råvarar so langt det er muleg, tidleg eller sein ettermiddag. Ope heile året: 1.sept.-19.juni tysdag - laurdag kl. 09-16. 20.juni-31.august: tysdag - fredag kl. 10-16, laurdag 10-15. Stikk innom Mjølkerampen på Sande - lokale med lun stemning og god atmosfære. Kontakt tlf. 95 24 21 50.
Dragsvik Fjordhotell

Dragsvik Fjordhotell

I dobbeltrom kr. 670,- per pers
Gjesterom med gode senger og sittegruppe. Enkelt-, dobbelt- og tre-sengs rom i hotellet og i villa Bergtun. Enkeltrom kr. 1 180,- og tre-sengs rom kr. 1 990,-. Alle prisar inkluderar frukost. Gratis WiFi. Info om hotellet på www.dragsvik.no.
Balestrand Tour

Balestrand Taxi

Guida tur til "Utsikten" kr. 390,- pr pers
Busstur til Utsikten på Gaularfjellet. Periode: 01.05-27.09. Avgang: Tysdag og torsdag kl. 14:00. Varigheit: ca 2 timar. Max 16 pers. Oppmøte: Rutebåtkaia nær Reiselivsmuseet.
Hestad kapell

Guida omvising Hestad kapell

Kr. 60,- pr pers.
Hestad kapell vart bygd i 1805. Kyrkje med omgjevnadar frå 1100-talet. Ope 02.-29.07.18, onsdag-søndag kl. 12:00-17:00. Betaling: Vipps eller kontant. Booking for gruppe, mob. 90590996 v/Åshild. Hestad kapell ligg på ei landtunge ved Hestadfjorden, nær Sande i Gaular.
Ciderhuset

Cidersmaking

Frå kr. 260,-
Du får ein guida tur og du får lære om prosessen bak fruktdyrkinga og fermenteringa for å lage cider og dram. Smaksprøvar av Balholm cider eller juice. I ciderkjellaren får du vite korleis vi gjer frukt og bær om til juice, cider og dram. Det er muleg å besøke restauranten og butikken i Ciderhuset. Ciderhuset ligg i Balestrand. Tlf. 90 83 56 73.
Ciderhuset

Kulturvandring og cidersmaking

Frå kr. 395,-
Guida kulturvandring i kunstbygda Balestrand. Vandringa startar i sentrum og endar i Ciderhuset - eit familiedrive cideri i ein økologisk frukthage. Du får lære om fruktdyrking, om prosessen med å lage cider og eplebrennevin og få smaksprøvar av cideren. Periode: 21.6.-31.8.2018. Ciderhuset ligg i Balestrand. Tlf. 90 83 56 73.
Sande Kro og Hotell

Overnatting på Sande Kro og Hotell

Enkeltrom frå kr. 995,-
Vi tilbyr standard enkle og doble rom året rundt. Dobbeltrom kr. 1 295,-. Alle prisar inkluderar frukost. Vårt kjøkken er kjend for god og heimelaga mat med smak. Sande er eit godt utgangspunkt for å utforske turistvegen over Gaularfjellet. Vi ligg på Sande i Gaular. Kontakt tlf. 57718050.
Flatheim

Gardsovernatting på Flatheim, nær Gaularfjellet

Rom frå kr. 800,-
På småbruket Flatheim kan du finne roen. Her kan du oppleve naturen veldig nær, fjellet, elva, skogen, lyset og lydane. Du kan sove i gode senger og vakne til elvebrus og hanegal. Eit godt utgangspunkt for utflukter til fjordane. To-, tre- og firesengsrom. Frukost kr. 95,- per pers kjem utanom. Kontakt tlf. 99246066. Flatheim ligg på Hoffslåttene i Eldalsdalen.
Villa Åmot

Villa Åmot-"det gode liv på landet"

Ta kontakt og be om eit tilbod
Villa Åmot i Sunnfjord er eigd og drive av vertskapet Steinar Sørli og Yngve Brakstad. Vi har ti overnattingsrom, eit stort gardstun, engelsk hage, møtelokale, kjøkken, konsert- og selskapslokale for 10-150 personer. Her får du det beste av bonde- og bykultur: landleg idyll i luksuriøse råmer. Ei vitjing på Åmot er å tre inn i mest 200 år med tradisjon for gjestebod. Ta kontakt med Steinar og planlegg opphaldet du draumer om, tlf. 97160704.