Sjå alt du kan oppleve med eit museumspass

Musea i Sogn og Fjordane lanserer denne veka eit museumspass som gir deg tilgang til tretten museum i fylket for berre 179 kroner! Passet får du kjøpe hos alle musea og med det kan du oppleve fleire spennande utstillingar og aktivitetar, guida turar, vandringar i friluftsmuseum, og ulike arrangement. Tre av musea finn du langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet.

 

Norsk Reiselivsmuseum

I Balestrand, mellom fjord og fjell inne i berget ved stranda av Sognefjorden ligg Norsk Reiselivsmuseum. Her kan du bli kjend med ei bygd med lang reiselivstradisjon og som ein gang var heimen til ein kunstnarkoloni.

Det nybygde museet lar deg bli kjend med reiselivet si utvikling og historie i fjell- og fjordlandet vårt. Det handlar om oppdagingsreiser, risikofylt bygging av vegar i vanskeleg terreng og ikkje minst om korleis enkelte bygder og stader utvikla seg til å bli ettertrakta reisemål.

Opningstider: 01.07 – 30.09 alle dagar Kl 10-18

 

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Kva har kunstnaren lagt til og trekt i frå i si skildring? Kva har han lagt vekt på? På kva ulike måtar har kunstnarane skildra naturen, årstida og lyset?

28.juni opnar «I NATUREN»Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde. Landskaps- og naturskildringar har ei lang historie innanfor biletkunsten. I høve Den Norske Turistforeining sitt 150-års jubileum, vil museet syne fram eit utval verk frå samlingane som krinsar kring temaet natur.

Motiva er fjell, hav, fjord, himmel, skog og flora, årstidene og menneske som nyt, lengtar eller undrar seg i naturen.

Opningstider: Heile året tysdag – søndag Kl 11-16

 

Sunnfjord Museum

Ved Movatnet like aust for Førde ligg Sunnfjord Museum. Med samlingar og bygningar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord frå 1500 til kring 1900 er eit besøk der ei rik kulturoppleving. Du kan få guida omvising, sjå utstillingar, besøke urtehagen og museumsbutikken.

Museet har eit vakkert uteområde med koselege sitjeplassar mellom husa på tunet. Dei tilbyr utleige av hus med hyggeleg og historisk atmosfære til møter og fest.

Hos Sunnfjord Museum er du velkommen – enten du er på jakt etter kunnskap, eller berre treng ei avslappande stund i det vakre uteområdet.

Opningstider: 01.07 – 15.08 måndag – fredag Kl 10-18 | Helg Kl 12-17

 

Meir informasjon om museumspasset finn du i denne brosjyra

Museumspass | Gaularfjellet

Tips til fleire opplevingar langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet her!

 

0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *