På Sande Kro & Hotell finn du det vakraste av vestnorsk natur, ro, frisk luft og friluftsareal i ei moderne jordbruksbygd. Vi satsar på personleg og individuell service i kombinasjon med ei triveleg og heimleg atmosfære.

Hotellet vårt har 15 rom og opptil 45 sengeplassar. Alle rom har bad med dusj, tv, wifi og altan.

I kafè T. Hogen kan du slappe av, lese aviser, sjå på TV og ta ein prat. Her kan du nyte eit godt måltid og god drikke med peiseld og varme i eit intimt miljø. I baren vår har vi alle rettigheter.

Vi er kjend for, og er stolt av, vårt framifrå kjøkken. Mogelegheitene er mange i frå dagens middag, à la carte meny, lunsjbord, catering, eller middag for større selskap med meir. Vi serverer òg smørbrød, smårettar kaffi, kaker og heimebakst. Maten du får er heimelaga og kortreist.

Du finn oss ved E39 midtvegs mellom Bergen og Stryn. Her har du eit godt utgangspunkt for fotturar, sykling, fisking, bading og opplevingar frå Gaularfjellet i aust til Dalsfjorden i vest. Her kan du mellom anna få med deg Utsikten, Fossestien, Likholefossen, Mirage, Hestad Kapell, Storehesten og Laukelandsfossen. Ta kontakt, so kan vi skreddersy eit opplegg for deg. Ditt ynskje = vår utfordring!

Practical information

Dagens rett serverer vi kvar dag frå kl. 12:00.
Raspeballar serverer vi kvar torsdag og vi har varmbuffèt kvar søndag.
À la carte, smårettar og heimebakst får du kvar dag.
Restauranten vår er nyoppussa og gjev deg ei intim atmosfære.

Vi har møte- og seminarrom med fleksible løysingar og alt av kursfasilitetar.

Når noko skal feirast så kan du gjere det hos oss i eit hyggelig og intimt miljø.

Planlegg du å ha selskap heime, so kan vi levere maten når det passar deg.