Tett på urøyrd natur

GòKajakk AS er ei aktivitetsbedrift i Sogn og Fjordane, som driv med guida turar, utleie av kajakk, butikk, kursing, kajakkskule, med lokale i Førde.

Vi gir deg ekte friluftsliv der du er ein aktiv deltakar. Hjå oss kan du bli med på miljøvenleg aktivitet som kajakkpadling, vandring og sykling, og du brukar eigen energi for å finne ro i naturen.

Som medlem i bedriftsnettverket Nasjonal turistveg Gaularfjellet, utviklar vi produktpakker som inkluderer både padling, sykling og vandring på ruta mellom Balestrand og Førde/Sande. Vi er også med i det nye bedriftsnettverket Kayak the Fjords, og jobbar tett med Jølster 365.

Aktivitetar

  • Skreddarsydde guida turar for norske og engelsktalande turistar,
    familiar eller små grupper.
  • Padling på Jølstravatnet, halv-dags tur.
  • Ein dag i naturen – langs nasjonal turistveg Gaularfjellet (på forespurnad).
  • Kajakkskule for skuleborn i sommarferien.
  • Sal av kajakkar og utstyr (frå butikk i Førde).
  • Kurs og undervisning.