Historisk smykke
Hestad kapell ligg vakkert til på ei landtunge mellom Viksdalsvatnet og Hestadfjorden, ein del av Gaularvassdraget. Den vesle, brunbarka kyrkja og omgjevnaden er freda for å verne om dei særeigne kulturhistoriske- og naturkvalitetane i området.
Ei stavkyrkje stod på Hestad frå før 1327. I skriftlege kjelder er ho først nemnd i ein paveleg rekneskap frå 1327. Der er ho omtala som «Capella de herstadum», medan ho i Bergen Kalvskinn frå ca. 1350 vert kalla «Hedinstada kirkia». I 1805 vart stavkyrkja riven og ei ny lafte-kyrkje oppbygd. Det har vore tradisjon å nytte delar frå nedrivne bygningar når ein ny skulle oppførast. Såleis finn ein ofte delar frå den gamle stavkyrkja der ho måtte vike plassen for ei ny kyrkje. I tårnet til Hestad kapell er det brukt fire kraftige, åttekanta stavar frå stavkyrkja, og ein del av knea som er brukte, må òg kome derifrå.