Ciderhuset – for folk som likar god cider!

Starten eller slutten på Nasjonal turistveg Gaularfjellet er Balestrand ved Sognefjorden. Denne bygda vart ein kjend kunstnarkoloni på 1800-talet, og måleri frå landskapet her prydar mange av veggane til Europeiske kunstmuseum. Ciderhuset ligg i ein økologisk frukthage ca. 1,5 km frå kaia og det kjende Kviknes Hotel.

Balholm er merket vårt, og vi lagar ca. 40 ulike produkt – som most/juice og cider, dessertvin og dram – alt med 100 % frukt og bær. Fleire av produkta er økologiske.

Om sommaren kan du bli med på cidersmaking og lære om foredling av “champagne-cider” etter tradisjonell metode, og destillasjon av epledram. Du kan også handle i gardsbutikken eller ta eit måltid i restauranten vår. Vi tek imot grupper heile året til lunsj eller middag, formidling om cider og frukt, kulturvandring, faglege opplegg, teambygging og anna moro!

Ciderhuset er også del av eit internasjonalt nettverk på nærare 100 Économusé i Europa og Canada som tek vare på gamle handverkstradisjonar (Handverkarar i arbeid/Artisans at work).

Praktisk informasjon

GARDSBUTIKKEN
-er open frå 22. mai til 31. august:
søndag – fredag kl. 13:00- 18:00.
Sal av Balholm cider, juice og syltetøy
Ikkje sal av alkokol sundagar.

RESTAURANTEN
er open 20. juni til 20. august sundag – fredag
(stengt laurdagar pga private arrangement):

  • Lunch-/middagsservering kl. 13-21. Kjøkkenet stenger kl 20:30.
  • kl. 13-18. Sundagar ingen sal av alkohol.

CIDERSMAKING
22. MAI – 31. AUGUST
Ciderprogram med smaking kl. 12:30 og 15:30

Arrangement, kulturvandring, cidersmaking til meir enn 15 pers. må tingast på førehand

  • Vi tilbyr også kulturvandring, guida tur til utsiktspunkt, matlagingskurs og cidersmaking.