Balestrand Taxi

Guida busstur til Utsikten på Gaularfjellet (703 moh)

Turen er 37 km lang og tek kun 40 minuttar frå Balestrand sentrum. Vegen til Gaularfjellet er ein av våre Nasjonale turistveger i Norge og passerar nokre av dei vakre fjordarmane i Sognefjorden.
Langs vegen passerar bussen småbruk og vakker natur før den snirkler seg opp fjellsida og opp til utsiktspunktet.
Utsikten er bygd av Norsk Vegvesen og designa av Code arkitekter og har allereie fått internasjonal merksemd på bakgrunn av si særskilte utforming og med sitt spektakulære utsyn til landskapet omkring.
Utsikten er omringa av fjell på rundt 1500 høgdemeter.

Utsikten er utforma som ein triangulær, flat form, med hjørner som peiker mot nord, sør og vest. Kvart hjørne er særskilt tilpassa landskapet rundt. Sjølve flaten er 420 m2 i areal. Ein tur opp til Utsikten på Gaularfjellet er ein visuell nyting både for ein som er interessert i dramatisk og moderne arkitektur og for den som elskar å skue ut over landskapet.

Velkomen til å bli med oss på tur!

Praktisk informasjon

Fakta om guida busstur til “Utsikten” på Gaularfjellet:

Offisiell opningsdato 23.06.2016
Sesong (buss tur) 01.05.2018 – 27.09.2018

Avganger: Tysdag kl. 14:00, Torsdag kl. 14:00
(Anna ønskeleg avgang er muleg på forespurnad)

Avgang frå Balestrand sentrum /kai
Pris pr. pers. 490.- Tal personar 2-16 (Barn under 16 år: 250kr)
Turens varigheit: ca. 2 timar

Balestrand Taxi har base på rutebåtkaia i Balestrand.
Vi har to bilar; ein minibuss/maxitaxi med kapasitet
til 16 personar og ein stasjonsvogn for 4 passasjerar.

Booking
www.balestrandtour.no
Balestrand Turistinformasjon

Balestrand Taxi

Nettstadwww.balestrandtour.no
E-post: 
geirwilly@live.no

Telefon
: 95 90 64 09

Adr.: Rutebåtkaia i Balestrand