GAULARFJELLET er lunsjstrekninga
Gaularfjellet inviterar til opplevingar i Fosseheimen – eit variert landskap omkransa av Sognefjorden, Dalsfjorden og Førdefjorden. Det verna Gaularvassdraget buktar seg i elvar, vatn, stryk og fossar langs turistvegen. Det friske og grøne fjell- og fjordlandskapet møter deg med eit smil. Strekninga har sju rasteplasser som er ideelle for ein lunsjpause; Utsikten, Mirage (Torsnesstølen), Likholefossen, Hestad, Vallestadfossen, Haukedalen og Fleten (Holsavatnet).
Fakta om strekninga
114 km
høgste punktet er 784 moh
0 ferjer
vinterstengd
Fun-facts
100 eplesortar
40 dokkar
30 fossestryk
16 vatn
7 kyrkjer
8 serveringsstadar
9 hårnålsvingar
300 sengar
Gaularfjellsvegen + lokal mat og drikke = sunt for sjela og godt for ganen.
Ekte cider av 100 % frukt frå Sognefjorden i Ciderhuset, Balestrand, lunsjstopp med blingsar med lokal røykelaks på Flatheim (ope for drop-in), Gaularfjellet og nylaga skillingsbollar og brød på Mjølkerampen, Sande (ope for drop-in).
Smaksoppleving av heimelaga mat basert på lokale råvarer på Eldalstunet (ope laurdagar i juli og august, ope søndagar i juni-september).
Ein tur over Nasjonal turistveg Gaularfjellet byr på kulinariske overraskingar og spektakulær arkitektur i tillegg til det du kanskje hadde venta deg: fjellvatn, fossestryk og snødekte toppar!
Reiserute frå sør ved Sognefjorden eller frå nord ved Førde by
Du startar der det passar deg best, alt etter kva retning du kjem i frå.
Start turen i Balestrand med cidersmaking på Ciderhuset. Cidersmaking med formidling og à la carte meny med lokale råvarer og internasjonal inspirasjon. Gardsbutikk med cider opptil 22 vol %. Besøk Norsk Reiselivsmuseum eller ta ein spasertur langs fjorden og drakestilsvillaene frå kunstnarkolonien på 1800-talet.
Frå Balestrand tek du Fv13 langs Sværefjorden og Vetlefjorden og opp dei ni serpentiner-svingane. Utsikten på toppen er ein «må sjå»-stopp.
Lunsjstopp på fjellet hos Heidi og Sigurd på Flatheim. Ein solid blings med lokal røykelaks og drikke frå Balholm eller eit stykke heimelaga kake? Det er eit variert utval kaker kvar dag. Kiosk med gåveartiklar.


På brua over Likholefossen får du garantert sug i magen og er glad du kjem tilbake på trygg grunn. No følgjer vegen det verna Gaularvassdraget langs foss på foss og rolege stryk. Det er fine rasteplassar langs vegen for ein medbragt lunsj ute i det grøne eller berre for ein fotostopp.
Er du interessert i kunst og solidaritet, vil eit stopp ved Mirage (Torsnesstølen) gi deg noko å tenkje på.
Vel nede frå fjellet ligg Hestad kapell – ei kyrkje med røter attende til 1100-talet og som er freda for å verne om dei særeigne kulturverdiane i området. Open heile juli månad og er elles ein eigna stopp for å nyte medbrakte bollar og kaffi, lunsjpakke eller ein stad for å nyte stilla, vandre barføtt i sanden langs vatnet og ta ein frisk dukkert.
Sande i Sunnfjord byr på hyggelege kafear for drop-in lunsj, middag eller kaffi med Siv Helen sine berømte skillingsbollar. Mjølkerampen med kafè, kolonial og interiør og Sande Kro og Hotell.
Ønskjer du overnatting?
Nærast muleg høgfjellet og nær fossestryka: Flatheim
Ved fjorden og nær Balestrand i sør: Dragsvik Fjordhotell
På Sande og i Førde i nord: Sande Kro og Hotell eller Førde Camping og Gjestehus.
Transport
Gaularfjellet eignar seg godt for deg med eigen bil eller
meld deg på ein organisert tur med guide til Utsikten i regi av Balestrand Taxi.
Om Bedriftsnettverket
Bedriftsnettverket Gaularfjellet er pr i dag samansett av 13 unike bedrifter som set søkjelyset på opplevingar langs strekninga mellom Førde og Sande i Sunnfjord og Balestrand i Sogn. Saman og kvar for seg leverer dei natur- og kulturbaserte opplevingar og servicetilbod til reisande på turistvegen over Gaularfjellet.