GAULARFJELLET fjell-lunsj

Er du klar for å oppleve Gaularfjellet? Vi kan freiste med heimelaga fjell-lunsj til å ta med på turen eller du kan finne deg ein gardsrestaurant. Du kan nyte den ute i det fri ved ein foss eller du kan besøke ein restaurant i Eldalsdalen.

Fjell-lunsjen inneheld fersk baguette eller rundstykke påsmurt med godt pålegg, grønt og urter, og fersk bolle. Det er også mogleg å bestille med ei flaske lokal pressa fruktjuice. Bedriftene som leverer smakane til fjell-lunsjen er i stor grad lokalisert langs strekninga. Vi håpar fjell-lunsjen fell i smak, gir deg påfyll av energi og set ein ekstra spiss på opplevinga ute mellom fossane langs Gaularfjellsvegen.

Gaularfjellet inviterer til opplevingar i Fosseheimen – eit variert landskap omkransa av Sognefjorden, Dalsfjorden og Førdefjorden. Det verna Gaularvassdraget buktar seg i elvar, vatn, stryk og fossar langs turistvegen. Det friske og grøne fjell- og fjordlandskapet møter deg med eit smil. Strekninga har to gardsrestauranter (sjå omtale under) og sju rasteplassar som alle er ideelle for ein lunsjpause; Eldalstunet, Flatheim, Utsikten, Mirage (Torsnesstølen), Likholefossen, Hestad, Vallestadfossen, Haukedalen og Fleten (Holsavatnet).

Bestilling av GAULARFJELLET fjell-lunsj
Periode:
 10.juli – 30.september. Pris: frå kr. 139,-.
Gruppe: Ønskjer du å bestille for 8 personar eller fleire, ver venleg å ringe dagen før.
Flatheim, Viksdalen, tilbyr fjell-lunsjpakkar for overnattingsgjestar. Ring gjerne på førehand og bestill på 99246066.
Mjølkerampen på Sande, kom innom kl. 10 eller ring dagen før innan kl. 15 på tlf. 95 24 21 50. Søndag og måndag – stengd.
Dragsvik Fjord Hotel nær Balestrand, i resepsjonen eller ring dagen før innan kl. 19 på tlf. 57 69 44 00.

Lunsj hos Eldalstunet og Flatheim

Langs strekninga finn du også to lunsjstadar som er verdt eit stop i sommar: Eldalstunet og Flatheim.

I juli og august har Eldalstunet open kafé laurdagar frå kl. 13-17, og i juni, juli, august og september på søndagar frå kl 13-18. Dei serverer tradisjonsrik lunsj og middagsrettar basert på lokale råvarer og ligg ca 7 km frå Likholefossen.

 

Eldalstunet

 

Flatheim inviterer til kafé i det freda storhuset sitt og i tunet kvar dag frå kl. 12-17 fram til 12. august. Dei byr på gode “blingsar” med variert pålegg, heimelaga kaker og bakst og ein unik atmosfære perfekt for ei lita matpause og ein god kopp kaffi. Flatheim tilbyr også fjell-lunsj til sine overnattingsgjestar, og ligg 450 m frå Likholefossen.

 

Flatheim

Ein tur over Nasjonal turistveg Gaularfjellet byr på kulinariske overraskingar og spektakulær arkitektur i tillegg til det du kanskje hadde venta deg: fjellvatn, fossestryk og snødekte toppar!

Meir om smaksopplevingane langs Gaularfjellsvegen finn du her!

0 replies

Leave a Reply

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *