Vend blikket mot stjernene

På Villa Åmot kan du nyte luksus i landleg idyll. Eit opphald hjå oss skal vere ei oppleving der alle sansar vert ivareteke. Fantastisk vestlandsnatur, akkompagnert av gode historier, vakre tonar og smakfull gastronomi.

Garden er din – og berre din – so lenge du ynskjer. Bryllaup, styremøte eller ei helg med gode vener – vi skreddarsyr opphaldet etter dine ynske.

Hjå oss leverer nabobøndene råvarene direkte på døra, og grønsaker og urter vert dyrka og hausta i hagen. Vår stoltheit er å servere deg smaken av Sunnfjord, der kvaliteten står i høgsetet heile vegen frå høygaffel til sølvgaffel.

Åmot Operagard

Operagarden har eit ideelt formål: Å formidle opera og klassisk musikk på høgt internasjonalt nivå i kombinasjon med kulturarv og lokal mat frå Sunnfjord.

Gardsmiljøet med sveitservilla, låve, snekkerverksted, smie og eldhus er i dag rammen rundt bedriften Åmot Operagard som ble startet opp av Steinar Sørli og Yngve Brakstad i 2004. Åmot Operagard er kåret om en av de mest nyskapende reiselivs- og kulturbedriftene i landet.