Ein heim heimanfrå

Vi er ein liten familiegard som på sommarstid tilbyr overnatting med frukost. Romma våre ligg i eit hus som har røter tilbake til 16-1700-talet. Kanskje kan du merke det historiske suset i atmosfæren?

Vårt ønske er at de som er gjest hos oss skal føle dykk velkommen og få ei oppleving av ro.

Føl deg som heime, men ikke snyt deg i gardinene!

Her kan de lage eigen mat på gassgrillen eller bålpanna ved hagestua, eller bruke felleskjøkkenet.

Praktisk informasjon

Tuftegarden tilbyr overnatting og frukost.

Vi kan òg by på:

  • Vedfyrt badestamp
  • Eldhus med vedfyrt bakerovn
  • Fiske i elv og vatn
  • Utleie av robåt, kano og kajakkar
  • Gamme med plass til 35-60 personer
  • Selskaps- og møtelokale
  • Fotturar på Fossestien eller i fjellet