Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum ligg ved Movatnet langs E39 utanfor Førde sentrum, 2 km vest for Moskog. Dette er eit kulturhistorisk museum med samlingar og utstillingar som speglar dagleglivet til folk flest i Sunnfjord gjennom tidene.

Friluftsmuseet består av ein opphaveleg husmannsplass, og eit rekonstruert klyngetun med urtehage, støl og kulturlandskap.

Bygningane i friluftsmuseet kjem frå heile Sunnfjord, og syner eit tidsspenn i byggeskikk frå 1500 til kring 1900. Museet ligg i naturvakre omgjevnader. Her finn du fleire turstiar med informasjonstavler som fortel om den lokale natur- og kulturhistoria.

Vi tilbyr omvising til alle gjester i friluftsmuseet, museumsbutikk og kiosk.

Praktisk informasjon

Opningstider

01. juni – 30. juni & 16. aug. – 30. aug. Mandag – fredag Kl 10-16
Laurdag – sundag Kl 12-17
01. juli – 15. aug. Mandag – fredag Kl 10-18
Laurdag – sundag Kl 12-17
01. sept. – 31. mai Mandag – fredag Kl 10-15

Billettprisar

Vaksne NOK 60,-
Born 0-18 år Gratis
Student/honnør NOK 40,-
Grupper NOK * 40,-

* Minimum 10 personar