Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Sogn og Fjordane Kunstmuseum finn du i Førde sentrum i eit bygg som har fått internasjonal pris for sin særprega arkitektur. Kunstmuseet syner basisutstillingar frå samlingane, og skiftande utstillingar med samtidskunst.

Samlinga er på over 1000 kunstverk, og syner regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900-talet, og fram til i dag, med hovudvekt på tida etter 1970.

På varme sommardagar kan ein nyte finvêret på takterrassen i 4.etg. Ta gjerne turen innom kunstbutikken, som har på eit variert utval eller Kafé Sobra som byr på ein meny av heimelaga varme og kalde rettar.

Praktisk informasjon

Opningstider

Heile året Tysdag – sundag Kl 11-16

Stengd måndag

Billettprisar

Utan guide  
Vaksne NOK 50,-
Born 0-18 år Gratis
Grupper 3+ NOK 35,-
Med guide  
Vaksne NOK 75,-
Honnør NOK 50,-
Grupper 10*+ NOK 50,-

* Grupperabatt kun i ordinær åpningstid