Norsk Reiselivsmuseum

Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand fortel historia om utviklinga av norsk reiseliv frå 1800-talet fram til i dag. ​Mykje av utstillingane er digitale, men historisk og tradisjonelt fortalt.

Nybygget med den spektakulære arkitekturen opna våren 2016, og ligg vegg i vegg med Kviknes Hotell. Bygget er skore ut i grunnfjell, noko som har gjort det til ein attraksjon i seg sjølv. Utstillingsdesign samspelar med arkitekturen og gir gode estetiske kvalitetar.

«Reiseliv i Norge» er hovudemne, i tillegg til spesifikke utstillingar om Nasjonale turistvegar og om korleis turismen voks lokalt. I dei tre antikvariske bygga Norsk reiselivsmuseum disponerer på kaia, er det ei utstilling som fortel om kunstnarane si rolle i prosessen med å gjere landskapet kjend i Europa, samt verkstad for vev.

Kafé Vindreken tilbyr flott utsikt over fjord og fjell.

Praktisk informasjon

Opningstider

Februar – april Mandag til fredag Kl 10-15
Mai Tysdag til søndag Kl 10-16
Juni, juli og august Alle dagar Kl 10-18
September Tysdag til Søndag  Kl 10-16
Oktober-Desember Mandag til fredag Kl 10-15

Stengd 1. og 17. mai

Billettprisar

Vaksne NOK 80,-
Born 0-7 år Gratis
7 – 15 år NOK 40,-
Student NOK 60,-
Honnør NOK 70,-
Grupper NOK 70,-