Ein sosial samlingsplass

Mjølkerampen er ein sosial samlingsplass for lokalbefolkninga, med lokal mat servert i flotte lokale. Før i tida var staden eit utprega samlingspunkt der gardsarbeidarar møtast og utveksla nyhende, eller skaffa seg skyss med bil eller lastebil. Difor tykkjer vi namnet «Mjølkerampen» er utruleg passande ettersom det ligg så sentralt til midt i sentrum av kommunesenteret. Gaular kommune ligg óg midt i fylket vårt mellom Sogn, Nordfjord, Bergen og Bremangerlandet. Ein kjem ikkje meir sentralt enn dette.
Med vår kompetanse og gode service skapar vi ein god atmosfære og ein hyggjeleg møtestad med mykje sjel og historie. Her skal alle føle seg velkomen og forvente å få det vesle ekstra. Vi byr på god kaffi, heimelaga kaker, smørbrød, ferske brød, gjærbakst og enkle lunsjrettar basert på lokale råvarer og mykje meir.
Mjølkerampen ynskjer å betre tilbodet av lokal mat og heimelaga produkt, både gjennom sal av eigne og andre lokale produkt. Vi har også eit lite selskapslokale som kan leigast ut til små selskap, barnebursdagar, møter, kulturinnslag og elles det lokalbefolkninga ynskjer.

Praktisk informasjon

På Mjølkerampen kan vi by på god kaffe, heimelaga kaker, smørbrød, ferske brød, gjærbakst og enkle lunsjrettar basert på lokale råvarer og mykje meir.