Tett på urøyrd natur

GòKajakk AS er ei aktivitetsbedrift i Sogn og Fjordane, som driv med kursing, kajakkskule, guida turar og utleie av kajakk og anna utstyr, med verkstad og butikk i Førde.

Som medlem i bedriftsnettverket Nasjonal turistveg Gaularfjellet, utviklar vi produktpakker som inkluderer både padling, sykling og vandring på ruta mellom Balestrand og Førde/Sande. Vi er også med i det nye bedriftsnettverket Kayak the Fjords, og jobbar tett med Jølster 365.

Vi gir deg ekte friluftsliv der du er ein aktiv deltakar. Hjå oss kan du bli med på miljøvenleg aktivitet som kajakkpadling, vandring og sykling, og du brukar eigen energi for å finne ro i naturen.

Aktivitetar

  • Kurs og undervisning innan hav- og trening på stille vatn
  • Skreddarsydde guida turar for norske og engelsktalande turistar, familiar eller små grupper
  • Produktpakker med kombinasjon vandring, sykling og padling (i samarbeid med bedriftsnettverka)
  • Utleie av robåtar (i samarbeid med Sunnfjord Museum i Movika)
  • Utvida kajakkskole, med friluftsleir i Erdalsdalen med mat og teltovernatting (for skuleborn i sommarferien)
  • Sal av kajakkar og utstyr (frå butikk i Førde)