Grasfora kjøt frå Bygstad

Familiedrive gardsbruk som ligg 7 km frå Bringeland Flyplass, plassert midt i den vakraste naturen Vestlandet har å by på. Vi satsar på storferasen Aberdeen Angus som er kjend for gode beiteeigenskapar og eit marmorert og smaksrikt kjøt.

Furnes Angus tilbyr direkte sal av ferdig partert, langtidsmørna kjøt frå Aberdeen Angus storfe basert på lokalt produsert grovfôr. Grasfora dyr gjev sunt og utsøkt kjøt frå velpleidd kulturlandskap. På sikt planlegg vi foredling av eige produsert kjøt.

Vi har kring 25 kalvingar i året. Høgsesong for sal er seinhaust for kalvekjøt, og tidleg sommar for kjøt frå ungoksar. Alt kjøtet vert seld til privatpersonar og restaurantar.

Praktisk informasjon

Ta kontakt for direkte sal av ferdig partert, langtidsmørna kjøt frå Aberdeen Angus storfe basert på lokalt produsert grovfôr.