Historisk smykke

Hestad kapell ligg vakkert til på ei landtunge mellom Viksdalsvatnet og Hestadfjorden, ein del av Gaularvassdraget. Den vesle, brunbarka kyrkja og omgjevnaden er freda for å verne om dei særeigne kulturhistoriske- og naturkvalitetane i området.

Ei stavkyrkje stod på Hestad frå før 1327. I skriftlege kjelder er ho først nemnd i ein paveleg rekneskap frå 1327. Der er ho omtala som «Capella de herstadum», medan ho i Bergen Kalvskinn frå ca. 1350 vert kalla «Hedinstada kirkia». I 1805 vart stavkyrkja riven og ei ny lafte-kyrkje oppbygd. Det har vore tradisjon å nytte delar frå nedrivne bygningar når ein ny skulle oppførast. Såleis finn ein ofte delar frå den gamle stavkyrkja der ho måtte vike plassen for ei ny kyrkje. I tårnet til Hestad kapell er det brukt fire kraftige, åttekanta stavar frå stavkyrkja, og ein del av knea som er brukte, må òg kome derifrå.

Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Praktisk informasjon

Hestad kapell held ope i heile juli månad, og i tillegg kan grupper førehandsbestille omvisingar heile året, òg med vokal song. Kapellet er òg ei særs romantisk og populær kyrkje å gifte seg i, og dei som ynskjer det kan leige ho til vigselsseremoni.