Stoppestad sidan 1950

På småbruket Flatheim kan du finne roen. Her kan du oppleve naturen veldig nær, fjellet, elva, skogen, lyset og lydane. Garden ligg ved Nasjonal Turistveg Gaularfjellet, midt i det vestnorske fjell- og fjordlandskapet.

Flatheim har vore ein stoppestad for reisande sidan 1950, og er eit godt utgangspunkt for utflukter til fjordane. Hjå oss kan du sove i gode senger og vakne til elvebrus og hanegal. Her i frå kan du vandre på Fossestien langs det verna Gaularvassdraget, eller stige opp på fjelltoppar. Det er også fint å prøve fiskelykka eller kanskje padle på eit vatn.

Om du berre er på dagstur eller gjennomreise, kan du ta eit kaffistopp hjå oss. Vi serverer gjerne grupper eit enkelt måltid og historieforteljing etter avtale. Om du har lyst å vere aktiv og leiken ute i naturen, har vi aktivitetar på garden.

Velkomen til oss!

Praktisk informasjon

  • Overnatting
  • 1. juli – 13.august: Sommerkafé
  • 4H-besøksgard (besøk etter avtale)
  • Selskaps- og møtelokale
  • Flott utgangspunkt for gåturer, padling, fisking og friluftsliv
  • Kiosk