Lokal tradisjon på aktivt gardsbruk

Eldalstunet er ei familiebedrift. Brukarar er Marit Eldal og Henning Skilbrei, med borna: Anders, Daniel, Eirik og Hans. Marit er 13. generasjon brukar av same familie på garden.

Vi driv aktiv gardsdrift med vestlandsk fjordfe og sau, og held landskapet i hevd.

På Eldalstunet lagar vi ulike husflidsprodukt av tre, frå eigen skog, som vert rosemåla med gamle, tradisjonsrike mønster frå vårt eige dalføre. Viksdalsmåling er ein eigen stilart.

I kjellaren har vi eit utsal med våre eigne handverksprodukt, samt eit lite utval av anna lokal, god husflid og handverk og kjøt av vestlandsk fjordfe. Vi har også godkjent kjøkken og serveringslokale med god plass til 60-70 gjestar. Der serverer vi tradisjonell mat, laga av lokale råvarer.

Vi håpar du vil trivast her hjå oss!

Praktisk informasjon

  • 18.6.-28.8. Open kafé laurdagar og søndagar kl. 12-17
  • Servering av tradisjonsmat
  • Husflidsprodukt – eigeprodusert
  • Bestilling for grupper
  • Søndagsopen kafé i september