Hotell med fjord og fjelllandskap tett på

Omgitt av vakker natur, og med atmosfære og ro, er dette staden der du kan senke skuldrane. På halvøya Dragsvik i Balestrand kommune, innfallsporten til nasjonal turistveg over Gaularfjell, ligg det vesle hotellet som opphaveleg vart bygd på eit gardsbruk. I seinare tid har gardsbruket blitt omringa av fleire gjestehus. Villa Bergtun med romslege gjesterom inspirert frå eldre tider, hotellbygget med standard gjesterom og romslege komfortrom med unike preg, og i hagen ulike typar hytter.

I restauranten vår tilbyr vi frukostbuffet med utsikt mot fjord, fjell og bre, og om kvelden serverer vi smakfulle rettar og eit utval av lokale spesialitetar. I hagen vår kan du finne roen, og la blikket kvilenærliggande fjelltoppar.

Dragsvik er eit flott utgangspunkt for toppturar. Like ved hotellet startar enkle turruter ut i naturen, der merka stiar fører deg til toppar som Tjuatoten, Raudmelen og Keipen (guida tur). Hotellet ligg også ideelt til for populære dagsutflukter som Flåm/Flåmsbana, til stavkyrkjer, Fjærland og brear, og Nigradsbreen. Turistinformasjon i Balestrand sentrum er berre 9 km unna.  

Praktisk informasjon

  • Overnatting i 22 hotellrom og 5 hytter i perioden 1.5 – 30.9.
  • Standard rom, komfort rom og hytter
  • Fjord- og fjellutsyn og utsyn mot brèen
  • Dagens meny kl. 19-21, enkel lunsj meny