Kontakt oss

Spørsmål eller kommentarar til prosjektet eller bedriftsnettverket – ta kontakt med oss.

For spørsmål kring aktivitetar, overnatting og andre aktørspesifikke saker, kontakt aktørane direkte. Du finn kontaktinformasjon hjå kvar enkelt aktør.

Bedriftsnettverket skal saman og kvar for seg levere natur- og kulturbaserte aktivitetar og servicetilbod til reisande på turistvegen over Gaularfjellet. Bedriftsnettverket har pr i dag 13 unike bedrifter langs strekninga mellom Førde i Sunnfjord og Balestrand i Sogn. Produkta varierar mellom overnatting, servering av lokale matskattar og lokal drikke, musikk, kultur, formidling, museum, aktivitetsgard, naturopplevingar med og utan guide og sal av foredla produkt direkte frå ­­produsent.