Cidersmaking

Smaksoppleving hos Ciderhuset

Kl 12.30 og 15.30, Sundag – Fredag

Ciderhuset i Balestrand ligg ved Sognefjorden i ein økologisk frukthage med mange ulike fruktsortar. Vi er ei familiebedrift som produserer Balholm juice, stillcider, musserande cider, fruktvin og dram.

Du vil få ein guida tur med eit av familiemedlemmane der du vil lære om prosessen bak fruktdyrkinga og fermenteringa for å lage cider og dram. Du vil få smaksprøvar av Balholm cider eller juice. I ciderkjellaren foredlar vi “champagne-cider” etter tradisjonell metode og destillerer epledram.Her får du vite korleis vi gjer frukt og bær om til juice, cider og dram.

Programmet varer ca. 30 min og inkluderer smaksprøver av cider eller juice. I tillegg er det muleg å besøke restauranten og butikken i Ciderhuset.

Pris per. pers. Kr 250