Gaularfjellet

ei eventyrleg reise frå Sognefjorden til Fosseheimen

Den nasjonale turistvegen Gaularfjellet er ei eventyrleg reise gjennom storslått norsk natur og livskraftige bygder. Vegen har mange innfallsportar som du kan velje mellom. Frå Førde (Holsen) over Rørvikfjellet til Viksdalen og vidare mot verdas lengste fjord, Sognefjorden. Eller frå Sognefjordsida, via Balestrand, Dragsvik og deretter inn i det vakre fjellandskapet. Strekninga frå Sande til Viksdalen har også status som nasjonal turistveg.

På denne reisa får du oppleve alt frå mektige fjordar og fjell, forlokkande fossefall, djupe dalføre og dramatiske utsyn som tek pusten frå deg. På det høgste punktet finn du mellom anna rasteplassen Utsikten, som balanserer på kanten av fjellet, ca. 700 meter over havet. Ein anna naturskatt er det verna Gaularvassdraget som er kjend for sine mange fossefall. Her kan ein strekkje på beina å komme nærmare naturen og det praktfulle vassdraget. Brua over Likholefossen er for mange eit høgdepunkt, og det seiast at når du står her får du kjensla av å vere i eitt med det kraftfulle fallet.

Langs Gaularfjellsvegen er det rikeleg med slike vakre naturopplevingar, gode historier, utsøkte lokale smakar og spennande oppdagingar som ventar på deg. Mange av dei finn du her på sida vår.

Ta deg tid til å oppdage Gaularfjellet, ei oppleving du seint vil gløyme.

Reiseinformasjon

Lengde: 114 km
Høgde over havet: 784 meter

Nasjonal turistveg Gaularfjellet går mellom Balestrand – Moskog og mellom Sande – Eldalsosen og er 114 km lang (veg 55/13/610). Frå Balestrand er det mogelig å ta fine avstikkarar. Ein båttur som endar nesten ved Jostadalsbreen er eit fint sett og oppleva naturen på.

I menyen til under finn du nokre lenker som vi håper kan vera til hjelp. For ytterligare turistinformasjon ber vi om at spørsmål blir retta til lokale og regionale reiselivsaktørar.

Kontakt

Spørsmål eller kommentarar til prosjektet eller bedriftsnettverket – ta kontakt med oss.

For spørsmål kring aktivitetar, overnatting og andre aktørspesifikke saker, kontakt aktørane direkte. Du finn kontaktinformasjon hjå kvar enkelt aktør.